
Noreg kjøper inn vaksine mot svineinfluensa til alle landets innbyggjarar. Til hausten blir det tidenes største massevaksinering.
Bergens Tidende | 26. juni 2009
Hittil er det berre 23 tilfelle av svineinfluensa-smitte registrert her i landet. Ingen er vorte alvorleg sjuke, og 20 av dei 23 har fått smitten på reiser i utlandet.
Likevel set Folkehelseinstituttet nå i gang det største vaksineprogrammet i norsk historie – til ein prislapp på 650 millionar kroner. Det er bestilt 9,4 millionar dosar frå legemiddelgiganten GlaxoSmithKline (GSK) – to dosar for kvar nordmann.
- Alle vil få tilbod om gratis vaksine til hausten. Vi veit ennå ikkje kor sterk oppmodinga blir om å ta vaksinen, eller kva grupper som vil ha størst behov. Men alle vil få tilbodet, seier divisjonsdirektør Hanne Nøkleby i Folkehelseinstituttet.
Kommunalt ansvar
Vaksinane vart bestilt sist veke. I praksis vart opplegget spikra då Verdas helseorganisasjon (WHO) 11. juni kunngjorde at influensaen har utvikla seg til ein pandemi – eit verdsomspennande utbrot – klassifisert som fase 6 på WHOs skala.
Noreg er juridisk forplikta til å kjøpe den enorme mengda vaksinar. I fjor signerte staten ein avtale med GSK. Denne seier at når fase 6 på WHO-skalaen er nådd, skal produksjonen setjast i gang og rekninga betalast.
- Det vil koste ca. 650 millionar kroner. I tillegg arbeider vi med å rekne på kva andre utgifter dette vil føre med seg, seier underdirektør Jan Berg i Helse- og omsorgsdepartementet.
Noreg vil få dei første vaksinane på seinhausten, mest sannsynleg i november.
- Dei fleste vil truleg vere levert i løpet av året, seier Nøkleby.
Kommunane får ansvaret for å gjennomføre vaksineringa.
- Somme vil kunne bruke fastlegeordninga, andre vil kanskje arrangere vaksinedagar og -kveldar, seier Nøkleby.
Kamp mot klokka
Det norske helsevesenet har aldri tidlegare gjennomført ei vaksinering av heile folket.
- Det blir ei kjempeutfordring – både å få ut vaksinane og å gjennomføre vaksineringa. Det blir veldig mykje logistikk. Enkelte stader vil dei truleg måtte bruke frivillige, som sanitetslag, seier overlege Bjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet.
Massevaksineringa blir også ein kamp mot klokka:
* GSK greier ikkje å levere før i november.
* Folkehelseinstituttet trur svineinfluensa-epidemien vil ramme Noreg til hausten eller vinteren.
* Det trengst to dosar, som må takast med eit par vekers mellomrom. Deretter går det ei veke før vaksinen gir fullt vern.
Er ennå ikkje godkjent
Det vil bli laga lister over kven som skal få vaksine først. Kven dette blir, er ennå ikkje bestemt: Folkehelseinstituttet følgjer nøye med på korleis sjukdommen utviklar seg på den sørlege halvkula, særleg på New Zealand og i Australia, Argentina og Chile.
- Der er det vinter og influensasesong. Sjukdomsbiletet varierer, frå nesten ingen symptom til alvorleg sjukdom. Det kan sjå ut til at veldig mange fleire barn og unge blir sjuke enn ved ein vanleg sesonginfluensa. Ein tredel av alle over 60 år verkar immune. Det er også uvanleg, seier Iversen.
Sjølv om svineinfluensaen ikkje er eit problem i Noreg i dag, ser Folkehelseinstituttet gode grunnar for å gjennomføre massevaksinering:
* Dei trur viruset først vil ramme Noreg for fullt til hausten eller vinteren.
* Sjølv om dei fleste med smitten ikkje er vorte alvorleg sjuke, kan viruset endre seg og bli meir aggressivt i månadene som kjem.
Arbeidet med å utvikle ein vaksine har pågått i heile vår. Den første dosen frå GSK vil vere klar i september, deretter må legemiddelet testast og godkjennast for bruk på menneske.
Les også: